Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Ein gong ...
Dei haustgule trea sjagar;
i lufta av blad det driv.
Det døyr rundt i alle hagar,
alt det som var fullt av liv.
Og likesælt ser vi det henda
og tek som ein sjølvsagt ting
alt ein gong skal årstida venda
til vår att i æveleg ring.
Men det veit kvart tre, at ingen
av alle dei tusen små blad
på nytt kan gå inn att i ringen;
eit anna må ta deira stad.
Og no er det haust. Du skal falla.
Eit haustlauv; eit ulese brev.
Om litt skal den røyst deg kalla
som lydnad av alle krev.