https://haramsnytt.no/nart-og-kjart/anders-karl-roald-til-minne/19.12573
Takk for lått og løye - og inspirasjon! AC var to ikoniske bokstavar i min oppvekst.
Takk for gode minne
Ein gong ...
Dei haustgule trea sjagar;
i lufta av blad det driv.
Det døyr rundt i alle hagar,
alt det som var fullt av liv.
Og likesælt ser vi det henda
og tek som ein sjølvsagt ting
alt ein gong skal årstida venda
til vår att i æveleg ring.
Men det veit kvart tre, at ingen
av alle dei tusen små blad
på nytt kan gå inn att i ringen;
eit anna må ta deira stad.
Og no er det haust. Du skal falla.
Eit haustlauv; eit ulese brev.
Om litt skal den røyst deg kalla
som lydnad av alle krev.
DU TOK
Du tok ikkje lyset ditt med då du drog
Du la det igjen i oss som livsglade dråpar av
ord, varme og latter
Vi arva di glede
Åse Gulbrandsen
Takk for livslangt kameratskap. Fredvere med Anders sitt minne. Eg vil sakne deg!
Stort sakn. Den desidert morosamaste guten blant Bårussen i Volda! 1960! Vil sakne gode innlegg på FB både titt og ofte, bar sjukdommen som ein mann! Er med dykk i sorga og takkar for gode minner. Kvil i fred kjære Anders Carl.️🌹
Takk for utallige gode minner og morosame episodar
frå mi tid i barneskulen på Brautaset. Raust samla du også for litt tilbake klassa ( den beste) til mimring i løda di med god stemning og gode historier. . Du betydde noko for oss. Eg har også sett stor pris på prat om stort og smått når me har møtt på kvarandre sidan den tid. Takk Anders. Kvil i fred.